Frøya

Frøya er som gardshundar flest full av fart og sprett, og veldig glad i familien sin. Ho likar å vere nær oss, og er kjapt oppe i sofaen om ho får lov til det. Ho har vokst opp med ungar i huset, og er svært knytta til dei. Av og til syns ho nok det er litt mykje bråk og ståk, då har sin eigen store gøymeplass under sofaen. Når ho legg seg under der veit me alle at ho vil vere litt i fred.
Ute er det vanligvis full fart, her frå vinterferien på Vågslid.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar