onsdag 24. juni 2015

Då er me i gang #2

Løpetida er kommen i gang, og kavaleren til Frøya er valt ut. Om nokre få dagar tek me turen til byen for å sjå om det vert parring på dei. Spennande! Om parringa vert velukka kjem det meir bilder av både Frøya og kavaleren her snart.

onsdag 11. april 2012

Då er me i gang!


Med vår i lufta og aukande daglengder går eg no og venter på neste løpetid. Arbeidet med å finna ein passande hannhund er i gang. Frøya er ein hund med sterkt jaktinnstinkt, noko som for det meste har har vore positivt for oss. Ein av grunnane til at me ville ha hund var at me var veldig plaga med rev som forsynte seg grovt av høner og anna fjørfe. Frøya held vekke reven, og held også hjort og rådyr vekke frå hagen. Minuset med jaktinstinktet er at ho har lett for å stikke av... 

Likevel tenker eg at jaktinstinktet er bra å ha om ein vil ha ein brukshund, og ikkje ein rein selskapshund så i arbeidet med å finne ein passande kavaler så kjem eg til å velge ein som også har jaktinstinkt.